1207 Tyrvingpoeng, ikke dårlig det? 

Med den poengsummen ble Sarah kåret til beste kaster i Telemark i alderen 13 – 19 år. Gøy å bli satt pris på, og ekstra gøy å representere Brevik IL. 


Sarah er også den utøveren som fikk flest Tyrvingpoeng i Telemark. En skikkelig melkesjokolade altså, «ingen over, og ingen på siden»

Gratulere til de andre utøverne som også fikk pris, vel fortjent!

Hva er Tyrving tabellen?  Søkte på nettet og fant denne:

I friidretten er «Tyrvingtabellen» ein slik ta-for-gitt-  størrelse. Alle på innsida snakkar om «Tyrvingtabellen» som om alle og ein kvar veit kva dette er. Det er truleg å ta for hardt i.

Tyrvingtabellen er, enkelt sagt, ein måte å rekna om resultat til poengsummar for utøvarar i alderen 10 til 19 år. Alder er ein særs viktig faktor. Same poengsum i same øving som 12-åring og som 17-åring skal, i teorien, tilseia same prestasjon. 

1000 poeng er tabellens utgangspunkt for ein framifrå prestasjon. I praksis betyr det at tabell-makarane har bestemt seg for kva som er eit kjemperesultat i ei øving i ein aldersklasse og sagt at det gir 1000 poeng. Så blir eit system av ulike faktorar sett inn for å rekna ut poenga for prestasjonar under og over denne 1000 poeng-grensa.

Tabellens namn kjem frå største friidrettsklubben i landet, IL Tyrving i Bærum, som har fått æra for å finna på tabellen i si tid. Den har kanskje vore i bruk i større grad tidlegare, men er særs aktuell i sambad med lagserieresultata. I tillegg blir den lagt til grunn for alle bestemannspremieringar på stemne rundt om.